Omkøyringsløysinga her kan avgjera kven som vinn OPS-kontrakten

Val av omkøyingsløysingar kan verta det punktet som avgjer kven av dei tre tilbydarane som vinn OPS-kontrakten på å byggja nytt Sotrasamband.

Den smale Bildøyvegen er aktuell som omkøyringsveg i anleggsperioden for nytt Sotrasamband, ifølgje ei sak til Utval for samfunnsutvikling denne veka.

-Bildøyvegen er eit omkøyringsalternativ som vi anbefaler tilbydarane på  OPS-kontrakten å vurdera, bekreftar prosjektleiar Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen til nettavisa Øygarden24.no.

Les: Vurderer Gamle Straumsbru som omkøyringsveg for Sotrasambandet

Om behovet for omkøyring på strekkja Kolltveit – Straume vil verta begrensa til nokre timar innimellom, eller om bebuarane langs vegen må førebu seg på dagar, veker eller heile månadar med sterk trafikk, bussar og trailerar attmed husveggane, har prosjektleiar i dag inga meining om, medgjev han ovanfor nettavisa Øygarden24.no. 

Valet av omkøyringsløysingar langsmed heile den 9,7 kilometer lange traseen overlet Statens vegvesen nemleg til dei tre tilbydarane. Trafikkavvikling vil verta eit av fem punkt som tilbydarane vil konkurrera på, og som dei vil verta evaluert på, seier Rinde.

-Om omkøyringsløysingane er gode nok, kan det vera vi aksepterer ein høgare pris framfor lågaste tilbodet, antydar Rinde.

Flaskehals
Gamle Straumsbru vert ein flaskehals. Einfelts-brua frå 1927 manglar fortau og har eit akseltrykk som ikkje toler tungtrafikk. Brua er berre godtkjent for trafikk i to år framover.

Les: Uviss framtid for Gamle Straumsbru

Det er ikkje ønskjeleg å starta noko utbetring av den kommunale brua før anleggsarbeidet tek til, ifølgje Rinde. I staden kan det verta aktuelt å låna ei sokalla Bailey-bru frå det nasjonale beredskapslageret. Slike mellombelse konstruksjonar er svært fleksible og kan koma på plass relativt raskt når behovet tilseier det. Dei kan og leverast med fortau, seier prosjektleiaren.

Tre tilbydarar er prekvalifiserte for anbodet på OPS-kontrakten som vert rekna å ha ein totalverdi på 17 milliardar kroner.

Les: Kinesarane nådde ikkje opp

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.