Får arrangera bustadmesse

Det vert bustadmesse i Sotra Arena helga 28. – 30. august.

Bustadmessa i Sotra Arena skulle ha vore arrangert i mars, men måtte utsetjast. No er situasjonen i ferd med å normalisera seg for messearrangøren Compass Fairs. Verksemda som arrangerer eit 20-tals messer i året er ein av dei som vart hardt ramma av korona. 

No har Compass Fairs fått avklart med Helsedirektoratet at bustadmessa i Sotra Arena ikkje vert omfatta av Covid-19-føresegna, melder verksemda i ei pressemelding.

-Slike messer er ein handelsplass på lik linje med kjøpesentre og varehus som IKEA og Maxbo, med tanke på folkemengd og publikumsåtferd, seier dagleg leiar Stewart L. Stjernholm i Compass Fairs.

-På grunn av korona har det lenge vore usikkert korleis hausten vil bli. Endeleg har vi fått avklart at vi vert vurdert som einkvar annan handelsplass. Dermed kan vi arrangera messe så lenge vi forheld oss til styresmaktene sine retningsliner for smittevern.
 
Arrangørane lovar i pressemeldinga å halda nøye kontroll med utnyttinga av messearealet, talet på publikum inne i hallen til ei kvar tid, og at hygienereglane vert følgt.
 
Bustadmesse i Sotra Arena vert den første av i alt 14 messer for Compass Fairs denne hausten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.