Sein men lovande rosestart

Den kjølege våren har forseinka dei første utsprungne rosene. Til gjengjeld står buskrosene fulle av knoppar.

Ritausma. Svakt rosa, einkle mellomstore blomar.

Statusrapporten frå rosehagen på Straume ei lita veke inn i juni røpar at rosesesongen 2020 startar to veker seinare enn i fjor. Med andre ord, heilt på det jamne om hageeigaren samanliknar med heile det siste tiåret, i følgje loggboka.

Først ut dette året var ei av dei tidlege buskrosene. Rugosa-hybriden Ritausma har middel store, svakt rosa einkle roser med svak duft.

Les: Mens vi ventar på dei store, vulgære

Mange knoppar lovar godt for rosesommaren 2020.

Eit vell av knoppar skapar forventningar om ei rik bløming framover – så sannt vergudane berre skapar seg. Ritausma er av dei meir regnsterke rosene i hagen, men sjølv latviske roser får problem om nedbørsmengdene vert for store.

Neste i løypa, i år som i fjor, er Albarosa og dei to spinosissimaene. Alle tre dekka av sprekkeferdige knoppar.

Minst like interessant er det at fleire av dei moderne rosene ser ut til å koma ekstra tidleg dette året; både Fellowship og Ascot lovar godt. 

 

One thought on “Sein men lovande rosestart

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.