Pengane til miljøløftet er fordelt

Sentrumsgate, busstopp, reguleringsplan og bysyklar. No er det klart kva prosjekt Øygarden får Byvekstmidlar til å finansiera.

Det lenge etterlengta busstoppet og kulverten i Idrettsvegen ser no ut til å kunna realiserast ved hjelp av midlar frå Byvekstavtalen.

Bybanen stikk av med det aller meste av dei 5,3 milliardane det vert forventa at Byvekstavtalen vil innbringa. Øygarden får 77,4 millionar til utbygging av kollektivtrafikk, vegar og trafikksikringstiltak, og gang- og sykkelvegar, kjem det fram av handlingsprogrammet for 2021 – 2024 som Vestland fylkesting no har vedteke.

Samarbeid
Miljøløftet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane i Bergensområdet og staten om utbygging av kollektivtrafikk, vegar og trafikksikringstiltak, og gang- og sykkelvegar.

All vekst i persontransporten skal vera miljøvenleg. Gjennom utbygging av kollektiv, sykkel og gange, skal ein hindra vekst i personbiltrafikken i Bergensområdet, er målet. 

Øygarden, saman med dei øvrige nabokommunane til Bergen, kom med i Byvekstavtalen sist haust. No er det klart kva prosjekt som kan venta seg å få økonomisk støtte dei første åra. Forlenginga av Bybanen til Fyllingsdalen, og regulering av etappen til Åsane stikk av med halvparten av dei 5,3 milliardane som skal fordelast i perioden 2021 – 2024. Resten vert delt mellom Bergen og nabokommunane.

Sentrumsgate og bysyklar
Fire prosjekt i Øygarden, kostnadsrekna til totalt 77,4 millionar kroner, er inne på handlingsprogrammet.

Største summen, 61,5 millonar kroner, skal nyttast til ombygging av sentrumsgata i Straume. Eit prosjekt som skal gjennomførast i 2022, i følgje handlingsprogrammet.

Den lenge etterlengta busstoppen og kulverten i Idrettsvegen skal få 10,250 millionar kroner i 2021.

Les: Næringslivet vil ikkje bidra til trafikksikring

Detaljregulering av Stovevatnet og parsell av Foldnesvegen får Foldnes skule til Stovevatnet 
får til saman 4,1 millionar kroner, likeleg fordelt mellom 2021 og 2022. 

Til sist er Øygarden upeika til forsøkskommune for eit forprosjekt om «bysykkel» i regionssentre, med ei løyving på 1,537 millionar kroner.

Reduserte takstar
Men midlane frå Byvekstavatalen vil og drypa på bilistar og kollketivreisande. 226 millionar kroner skal nyttast til å redusera bompengane. Like mykje skal gå til å redusera takstane på kolletive transportmiddel, ifølgje handlingsplanen.

Du kan lasta ned handlingsplanen her.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.