Øygardsstrilar i ukjent krigsdrama

Ein utruleg historie frå 2. verdskrigen – eit glimt frå den komande gards- og slektssoga for Øygarden. 

M/S Jakk frakta 15 mann frå Hellesøy til Shetland i 1941. Kjell Alvheim sin onkel, Walter Sæterdal var ein av dei. Foto frå Tore Turøy.

Gards- og slektsoga frå gamle Øygarden er i rute. Det første av dei fire banda om gard og slekt kjem hausten 2021, fortel Kjell Alvheim som er redaktør og leirar for sogelaget. Serien vil verta avslutta med to band generell historie.

Les: Skal skriva gards- og slektshistorie frå Øygarden i seks bind

Her kjem ein smakebit. Ein nærast utruleg historie om eit ukjent krigsdrama i Atlanteren, frå 2. verdskrigen, henta frå Alvheim sin eigen familie.

15 menn drog frå Hellesøy 09.09.1941 med M/S «Jakk». Dei kom til Lerwick dagen etter. Fleire av dei melde seg til teneste i det britiske forsvaret. Walter Sæterdal kom i marinen. På eit oppdrag for å verna ein konvoi lasteskip, vart dei angripne av tyske ubåtar. Fleire av marinefartøya vart senka, mellom dei eitt i nærleiken av «Potentilla», fartøyet Walter var på. Lettbåt vart sett på sjøen. Walter vart beden om å vera med; han var ein av dei som kunne ro. Dette var risikabelt, ubåtane var framleis i området! Dei nådde etter kvart staden der vrakrestane flaut, i von om å finna overlevande. Dei fann ein mann som dei tok med seg attende. Han var svært forkomen, det var usikkert om han ville overleva!

Det gjekk godt. Walter frå Hellesøy hadde vore med å redda Bjarne frå Rong! To menn frå same distriktet vart hovudpersonar i eit krigsdrama i Atlanterhavet. Kjende dei kvarandre frå før? Truleg ikkje frå Øygarden, men kanskje frå Liverpool, base for marinen og der nordmenn truleg held saman når dei hadde landlov.

Bjarne emigrerte til Amerika. Eg veit at Bjarne og broren Jens Rong vitja Walter ein gong Bjarne var «heime». Dei hadde nok mykje å snakka om.

-Det finst utruleg mange slike historiar som ikkje er kjende for folk, seier Alvheim.

Har du eller nokon du kjenner, ein historie frå gamle Øygarden som fleire bør få vita om? Alvheim vert lukkeleg om du sender han forteljingar som kan vitna om kvardag, fest og drama. Du kan kontakta han på kjell.alvheim(at)gmail.com

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.