Får kritikk for vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa i gamle Fjell bryt lova på tre område, avdekka fylkesmannen i eit tilsyn sist haust.

Rutinene til Fjell vaksenopplæring er best tilpassa minoritetsspråklege flyktningar, 

Vaksenopplæringa skal gje tilbod om grunnskuleopplæring til vaksne innbyggjarar. Ved årskiftet var det nærare 180 personar som deltok i ulike formar for vaksenopplæring i Fjell. Storparten av dei er minoritetsspråklege, mange av dei har rett og plikt til å læra norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.

Ikkje alle som vender seg til kommunen med spørsmål om retten til grunnskuleopplæring for vaksne får naudsynt rettleiing, hevdar fylkesmannen.

Fjell kommune sine rutiner for rettleiing rettar seg mot flyktningar. Etnisk norske, arbeidsinnvandarar og andre som ikkje har rett til opplæring etter introduksjonslova kan og ha rett på vaksenopplæring, men desse gruppene er ueinsarta og fell utanfor systemet, konkluderer fylkesmannen.

For å ha rett til grunnskuleopplæring for vaksne må søkjarane vera over 15 år, ikkje ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom, og ha lovleg opphald. Mindreårige asylsøkjarar kan og ha rett til grunnskuleopplæring. Ifølgje fylkesmannen kontrollerer ikkje kommunen alltid om søkjarane tilfredstiller krava til opptak før det vert gjort vedtak.

Søkjarane sine behov for grunnopplæring må vurderast individuelt i kvart einskild tilfelle. Kva behov dei einskilde har, er ikkje fjell vaksenopplæring like flinke til å kartleggja for alle grupper. Også her er rutinene tilpassa minoritetsspråklege, medan vurderinga av personar med annan bakgrunn vert meir tilfeldig.

Du kan lesa rapporten frå tilsynet her.

I ein forvaltningsrevisjon for nokre år sidan fekk Fjell kommune kritikk for lang ventetid for elevar med behov for spesialundervisning.

Les: Lang ventetid på spesialundervisning

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.