Varsame med dynamitten

Statens vegvesen sin innsats for å redusera talet på alvorlege sprengningsulukker har gitt resultat.

Illustrasjon Bjørn Heide, Statens vegvesen.

Gjennom medvite HMS-arbeid har Statens vegvesen klart å redusera talet på uønska hendingar med 67 prosent siste fem åra. Frå 2014 til 2019 har talet på registerte hendingar gått ned frå 450 til 146, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Heile 94 av dei uønska hendingane var alvorlege ulukker med sprengstoff, altså hendingar som resulterte i alvorlege skader med varige mein eller død. I 2019 var talet kome ned i 26.

-Vegvesenet jobbar for null drepte og null hardt skadde på anlegga våre. Ei alvorleg sprengningsulukke er ei for mykje. Geiloulukka i 2014 og Bagnulukka i 2016 var forferdelege og heilt unødvendige, seier Bettina Sandvin, direktør for kontakt og marknad i Statens vegvesen Utbygging.

Bettina Sandvin. Foto Statens vegvesen

Vegesenet får skryt frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for å ha betra tryggleiken i samband med sprengningsarbeid.

Ulukker og nestenulukker kan skje i alle fasar av arbeid som inneber handtering av sprengstoff. 

 

Sidan 2014 har Vegvesenet hatt obligatorisk opplæring av over 2.600 tilsette som er involverte i sprengningsarbeid. Dei har og hatt obligatorisk oppstartmøte med innleigde entrepenørar, ifølgje Sandvin.

Vegvesenet er med i Bransjerådet for fjellsprengning. Saman med representanter frå DSB, sprengstoffleverandørar, Maskinentreprenørenes forening (MEF), konsulentar, nasjonale verneombud og entreprenørane arbeider dei med å trygga både prosessar og retningsliner for sprengningsarbeid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.