Kommentar: Umusikalsk frå gebyrutvalet

Mange øygardsstrilar opplever for tida stor utryggleik om framtidig jobb og inntekt. Ved å senda dei ei ekstrarekning på oppimot 250.000 kroner kan Øygarden kommune koma til å leggja grunnlag for personlege tragediar.

(Saka er oppdatert.)

Korona-situasjonen, i kombinasjon med låg oljepris og rekordlåg kronekurs, har skapt store utfordringar for lokalt næringsliv. Mange øygardsstrilar er framleis permitterte. Andre er oppsagt.

Ein situasjon som har skapt stor økonomisk utryggleik for framtida i svært mange heimar.

I denne situasjonen er det at gebyrutvalet i Øygarden føreslår å senda ekstrarekning på inntil 250.000 kroner til dei som enno ikkje er kopla opp mot det kommunale VA-nettet. Eit umusikalsk forslag frå eit utval som visst ikkje maktar å ta inn over seg korleis kvardagen artar seg for mange av innbyggjarane for tida.

Les: Risikerer å få ekstrarekning på 250.000 kroner frå kommunen

Kommunestyret i Øygarden har som mål for å støtta opp under næringslivet i ei vanskeleg korona-tid. Innbyggjarane derimot, får visst klara seg sjølv.

Saka hadde stilt seg annleis dersom det var snakk om forureining. Avløpsvatn må behandlast i samsvar med gjeldande reglar. Vi kan ikkje ha kloakk flytande i dagen, verken i bebudde område eller i naturen.

Men kravet om tvungen tilkopling har i dette tilfellet ingenting med forureining å gjera. Den tvungne tilkoplinga skal også gjelda for eksisterande bustadar med godkjende anlegg, om gebyrutvalget får gjennomslag i kommunestyret.

I heile kommunen finst det 2.400 private slamavskiljarar, ifølgje Øyvar si årsmelding for 2019. Langt frå alle risikerer å verta omfatta av påbodet. VA-netter er i dag best utbygd på Litle Sotra og i Kolltveit-området. Heile 13.000 personar var ved siste årsskifte tilkopla det nye reinseanlegget i Storanipa på Våge. I dette området er det med andre ord svært få husstandar att som enno ikkje er tilkopla.

I heile Fjell er 16.500 personar tilkopla avløpsnettet. I store delar av resten av kommunen er leidningsnettet så dårleg utbygd at det ikkje er noko nett å kopla seg på. 

250.000 vert sett som eit tak, men du skal ikkje sprenga mange metrane med grøft før rekninga vil nærma seg maksgrensa. 

Politikarane våre gjentek stadig at dei er opptekne av føreseielege kostnadar – for næringslivet vel å merka. Ei uventa ekstrarekning på oppimot 250.000 kroner er ikkje akkurat kvardagskost sjølv i høginntektsfamiliar. Kravet manglar sosial probil. Gebyrutvalet legg opp til at kravet skal ramma blindt, uavhengig av inntekt. For familiar med to solide inntekter og god økonomi, vil eit slikt krav kunna vera overkomeleg. Sannsynet er likevel stort for at fleire av dei som vert ramma vil få store vanskar med å finansiera kommunen sitt krav.

Når berre eit fåtals personar risikerer å verta omfatta av kravet om tvungen påkopling, vil kravet framstå som ekstra urimeleg for dei «utvalde». Den beskjedne inntektsauken som Øygarden kommune kan håpa å henta inn som følgje av påbodet, vil ikkje stå i samsvar med ulempene dei som verta ramma vil verta påført. I ein usikker økonomisk situasjon kan ei slik ekstrarekning på oppimot 250.000 kroner koma til å utløysa personlege tragediar.



Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “Kommentar: Umusikalsk frå gebyrutvalet

  1. Ja det viser bare igjen hvor langt det offentlige byrokratiet står unna folk flest. I det offentlige betyr ikke penger noe så lenge det er innbyggerne som må ta regningen. Om enkelt individer får store utlegg betyr ikke noe så lenge prinsippvedtak blir gjennomført. Og sette fortegn klima eller miljø foran eller sammen med vedtaket da sklir det rett igjennom i det grønne skiftes navn.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.