Risikerer å få ekstrarekning på 250.000 kroner frå kommunen

Innbyggjarar i Øygarden risikerer å måtta ut med inntil 250.000 for tvungen tilkopling til Øyvar sitt vatn- og avløpsnett.

Reinseanlegget i Storanipa i Våge vert krevjande å nedbetala.

I ei sak til kommunestyret denne veka krev gebyrutvalet at tidlegare Fjell kommune sine retningsliner om tvungen tilkopling til vatn og avløp vert vidareført i heile den nye kommunen. Berre dersom det kan dokumenterast at kostnaden for framlegging vil overstiga 75.000 kroner for vatn og 175.000 kroner for avløp skal det vera mogeleg å søkja om dispensasjon.

Berre dei som siste ti åra har gjort større investeringar i private anlegg skal kunna utsetja tiltaket.

Verken Sund eller Øygarden har hatt tilsvarande retningsliner.

Kravet om tvungen tilkopling skal ikkje berre gjelda for nye bustadar. Eksisterande bustadar med godkjente VA anlegg skal også omfattast av kravet, ifølgje forslaget frå gebyrutvalet.

Kravet har bakgrunn i den ambisiøse utbyggingsplanen for VA som Fjell vedtok i 2011. Ein plan det vert stadig meir økonomisk krevjande å realisera, ettersom folkeveksten ikkje lenger svarar til dei optimistiske prognosane som låg til grunn før oljeprisfallet i 2015. I håp om å styrka inntektsgrunnlaget innførte Fjell i 2017 difor dei kontroversielle retningslinene om tvungen tilkopling.

Les: Føreslår å heva tilkoplingskostnadane med 275 prosent

Les: Får rekninga for at fjellsokningane skal få reint drikkevatn

Kommunestyret valgte den gongen å redusera kostnaden frå 300.000 til 250.000 kroner for tvungen VA-tilkopling.

Kor mange familiar som no risikerer å verta påført ein ekstra kostnad frå kommunen på oppimot 250.000 kroner som følgje av dei ambisiøse utbyggingsplanane, seier saka ingenting om.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

4 thoughts on “Risikerer å få ekstrarekning på 250.000 kroner frå kommunen

  1. Hei
    Da har jeg skrevet inn i saken om dette og foreslått en lavere maksgrense på tilsammen 150 000, 50 tusen for vann og 100 tusen på avløp.

    Samt jeg har noen andre saker vi i FNB som parti vil ta opp i kommunestyret som du kan se av vedlegget. Det går på fysioterpitjenesten her i kommunen som er lavere enn landsgjennomsnittet, søsken-rabatt mellom barnehage og SFO og gebyr og brukerbetaling generelt som er alt for høye i kommunen etter vår vurdering.

    Setter dessuten et stort spørsmål ved noen rutiner i forhold til saker som blir behandlet i utvalget og som ikke kommer frem i kommunestyremøtet dersom forslagsstiller ikke følger opp.

    mvh Per Asheim

    Likar

  2. Ja jeg reagerte på dette da det kom i Fjell kommune for flere år siden og enkelte politikere mente det ikke var noe problem. Og vil stille de samme spørsmål når jeg kan. Men jeg ser jo nå etter kort tid i kommunestyret at flertallet gjør som de vil i de fleste saker. Om det er dyrt for innbyggerne ser ikke ut til å være så viktig. Økonomien er viktigere enn folks levevilkår og økonomi ser det ut til i en bankerott kommune hvor alt skal effektiviseres på bekostning av helse og skole.

    Mvh Per Asheim

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.