No kan det verta kostbart med privat VA-løysing

Kommunestyret stemte ned alle forslaga som kunne ha redusert kostnadane ved tvangstilkopling til det offentlege VA-nettet i Øygarden.

(Saka er oppdatert.)

Renseanlegget i Storanipa er største investeringa i kommunale VA-anlegg i Øygarden, Sviktande folkevekst trugar finansieringa. No må flest mogeleg, også dei meg fullgode private anlegg, vera med å dela kostnadane, kravde Egil Håland (A).

For kommunestyrerepresentantane i Øygarden er pengar tydelegvis ikkje noko problem. 

Med 39 mot seks røyster vedtok dei at eigarane av private bustadar skal måtta betala 250.000 kroner for framføring av privat leidningsnett ved tvungen tilkopling til offentleg vatn og avløp. Berre om kostnadane overstig dette, kan kommunen vurdera å godkjenna alternative løysingar.

I tilfelle det nyleg er gjort store investeringar i eksisterande private anlegg og dei anlegga fungerer tilfredsstillande, kan krav om offentleg tilknyting utsettast med inntil 10 år.

Les: Risikerer å få ekstrarekning på 250.000 kroner frå kommunen

150.000 er nok
Mindretalet, dei fire representantane frå FNB, saman med to frå FrP, stemte for eit alternativt forslag frå Per Asheim (FNB) om å redusera summane til 50.000 kroner for vatn og 100.000 for avløp.

Søk Startlån
Egil Haaland (A) viste til debatten då ordninga vart innført i Fjell i 2017. Tvangstilkopling er ikkje eit vedtak som vil skapa problem for innbyggjarane. Øyvar er jo så flinke med informasjonsmøter, og seinare kan jo dei det gjeld berre søkja Startlån. Her må flest mogleg vera med på å dela kostnadane, hevda Arbeiderpartirepresentanten, i forventning om at han sjølv snart vil få redusert si eiga årsavgift med ein ti-kroning som følgje av vedtaket.

Ein god praksis
Tvungen tilkopling er ein god praksis som bør halda fram, hevda Maria Thomassen (MDG). Med tanke på huseigarar som har problem med å finansiera tiltaket, bør det offentlege påta seg å vera lånegarantist med pant i tomten. Ho føreslo og at alle utgifter måtte vera inkludert i totalsummen.

Å inkludera dei offentlege tilkoplingsgebyra i reknestykket ville vera vanskeleg. Dei må koma i tillegg, innvende ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Forslaga frå Thomassen fekk 9 røyster (MDG, SV, Sp) og fall.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “No kan det verta kostbart med privat VA-løysing

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.