Helgeturen: Krabbakeila

Ein svalande bris er første varsel om havskodda som kan møta ein sveitt turgåar i Krabbakeila.

Nesten framme. På varme sommarkveldar kan du verta overraska av havskodde i Krabbakeila.

Lange, solrike sommarkveldar som dei vi øygardsstrilar har opplevd siste veka inspirerer til å utforska det lokale turterrenget. 

Algrøy lokkar med fleire ruter i spektakulær kystnatur. 

Les: Idlefjell

Den merka stien til Krabbakeila er ein av dei kortaste på denne vesle øya heilt vest i havet. Frå sauen sitt rike midt på øya går turen halvannan kilometer vestover gjennom småkupert kystlandskap, vekslande med bratte kløfter. 

I midten av juni er det furete steinlandskapet spekka med fargar. Innimellom brake og lyng stortrivst flekkmarihand. Med sine rosa, kjegleforma blomar er den vanlegaste av dei åtte orkide-slektene som veks vilt i Norge godt synleg i terrenget. At fargeintensiteten varierer får lys rosa til djup lilla kan ha både med jordsmonn og kor lenge det er siden blomen sprang ut å gjera.

Godt synleg på lang avstand er også maria gullsko. Vel framme i Krabbekeila utgjer dei store tuene med strandnellik effektfulle visuelle kontrastar mot alt det grå.

 

Trolsk i havskodda. Inst i Krabbakeila møtes fleire sund. Naustet er skjerma frå vind og bøljer frå alle kantar.

Turen er ikkje mellom dei mest krevjande. Ein stad har det aktive bygdalaget likevel funne det sikrast å montera tau til å passera eit bratt, og i regnever sikkert ganske så glatt, svaberg på ein tryggare måte.

Bratte svaberg kan vera glatte, særleg i regnver. Her har bygdalaget motert tau for tryggare framkomst.

Nettavisa Øygarden24.no har tidlegare ved fleire høve rosa bygdalaget for å opparbeida fleire av stiane på øya med bruer og kloppar. Stien til Krabbekeila bør verta neste prosjekt ut. Frå du forlet sivilisasjonen attmed Strilalam, og vidare vestover er det partivis ganske så vått, sjølv i lengre tørkeperiodar. Eitpar strategisk plasserte kloppar hadde gjort seg.

Parkering ved Algrøy skule. Føl deretter skilta i retning Strilalam.

Start og slutt i sauen sitt rike. Her er det fleire turar å velja mellom.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

2 thoughts on “Helgeturen: Krabbakeila

  1. Denne Hytta var eg med min onkel og byggde. Mykje slit var det . Rørleggermester Nevdal var det som var byggherre.
    Knut Thore Algrøy

    Likar

    1. Takk for opplysningen, Kjell Thore.
      Alltid kjekt når nokon som kjenner til saka kjem med utfyllande informasjon. Går ut frå at de fekk frakta materialane sjøvegen?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.