Stemte mot eigen utvalsleiar

Torgeir Benjamin Nyborg, FrP sin leiar for gebyrutvalet, hadde ikkje klarert forslaget til satsar for tvungen VA-påkopling med partigruppa på førehand.
(Saka er oppdatert. Nettavisa Øygarden 24.no skreiv først at Svein Otto Jacobsen var ein av dei som hadde stemt mot fleirtalsframlegget i kommunestyret.)

FrP var delt då kommunestyret behandla saka om satsar for tvungen VA-tilkopling tidlegare denne veka. To FrP-representar stemte mot framlegget frå partiet sin eigen utvalsleiar.

Les: No kan det verta kostbart med privat VA-løysing

Samla tilråding
Det var eit samla gebyrutval som stod bak tilrådinga om å vidareføra satsane som vart vedtekne i Fjell i 2017 i heile den nye kommunen.

Torgeir Benjamin Nyborg (FrP) er leiar for gebyrutvalet i Fjell, med Ernst Morten Einarsen (H) som nestleiar. Under den avgjerande behandlinga i kommunestyret stilte Nyborg med vara.

Stemte mot eigen utvalsleiar
Ikkje alle i FrP var samde med leiaren for gebyrutvalet. Partiveteranen Anita Garlid Johannessen, saman med Nyborg sin vararepresentant Anders Hjartøy,  stemte istaden for eit forslag frå FNB om at grensa for tvungen påkopling burde vera 50.000 kroner for vatn og 100.000 for avløp. 

-Dei stemte for det same som lokalpartiet i Fjell stemte for i 2017, seier Jacobsen til nettavisa Øygarden24.no.

Les: Tvangsheld på tvangstilknyting for VA

Vide tøyler
-Nyborg hadde ikkje klarert satsane med partigruppa på førehand, konstaterer Jacobsen.

Jacobsen, som sjølvt sit som leiar for planutvalet. er likevel ikkje villig til å medgje at avstemminga er eit signal om splitting i lokalpartiet:

-FrP gjev utvalsleiarane våre vide tøyler, seier Jacobsen.

Ansvarleg parti
FrP – partiet som i si tid vart stifta for å kjempa for ei sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlege inngrep – har for tida fire representantar i kommunestyret i Øygarden. Partiet inngår i posisjonen saman med Høgre, KrF, SotraLista og Venstre.

-FrP er blitt eit ansvarleg parti. Sjå berre på kor lenge vi sat med finansministeren (Siv Jensen, red. merk), seier Jacobsen.

I 2017 stemte også SotraLista for lågare takstar.

Vanskelege naboar
Når Jacobsen stemte mot eit lågare tak på investeringane til å føra fram privat VA-nett til dei einskilde bustadane, er det avdi han ikkje ser kostnaden som noko avgjerande hinder for tvangstilkopling. 

-Det er vanskelege naboar som nektar huseigar å grava grøft og leggja røyr over eigedomen deira som ofte er det største problemet, hevdar Jacobsen, etter fire år som leiar for planutvalet i tidlagare Sund kommune.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.