Skal CO2-handtering løna seg må kvoteprisen tidoblast

Dei totale kostnadane med eit fullskala pilotprosjekt for CO2-handtering kan koma til å enda ein stad kring 25 milliardar kroner.

.Her på CCB Kollsnes planlegg olejselskapa Equinor, Shell og Total å byggja ein terminal for mottak og mellomlagring av CO2 frå heile Europa.

Konsulentverksemdene Atkins og Oslo Economics har vurdert og kvalitetssikra teknisk underlag, kostnadsoverslag og usikkerhet i planane for CO2-fangst og lagring.

-Ein ny viktig del av beslutningsunderlaget for CO2-handteringaprosjektet er ferdig, seier olje- og energiminister Tina Bru, som no vil gå grundig gjennom KS2-rapporten som Olje- og energidepartementet offentleggjorde i dag før ho konkluderer med om prosjektet vert noko av.

Les: Negativ K2-rapport om CO2-handtering

Eitt fangstanlegg
KS2-rapporten tilrår at det berre vert etablert eitt fangstanlegg, og at Norcem sitt anlegg i Brevik vil innebera ei meir kostnadseffektiv løysing samanlikna med Fortum varme i Oslo.

Dei samla investeringskostnadane vert stipulerte til ein stad mellom 12,9 og 17,1 milliardar kroner, avhengig av om ein vel eitt eller to fangstanlegg for CO2.

Tilsvarande vert det forventa at driftskostnadane gjennom ein tiårs-periode vil utgjere ein stad mellom 5,7 og 8 milliardar kroner.

Totalt
Dei totale kostnadane for investering og ti års drift vil dermed utgjera ein stad mellom 18,6 g 25,1 milliardar kroner. Då er også Northern Light sin del av prosjektet, med transport med tre skip og permanent lager under havbotnen med to brønnar, rekna inn.

Les: CO2-plan til 6,9 milliardar

Staten sin andel vert planlagt å utgjera 80 prosent, tilsvarande ein stad mellom 14,6 og 20,4 milliardar kroner. Vert prosjektet gjennomført, skal industrien dekka dei resterande 20 prosent av kostnadane.

Sidan forrige K2-evaluering for to år sidan har prosjektet blitt vesentleg endra. Det vil difor ikkje vera rett å gjera ein direkte samanlikning av kostnadsbiletet den gongen og no. Den statlege andelen av investeringa og drift vart i 2018 vurdert til å villa utgjera ein stad mellom åtte og 15 milliardar kroner. 

Usikker lønsemd
Den samfunnsmessige lønsemda av eit CO2-hanteringsprosjekt  vert rekna som svært usikker. Det er prisutviklinga på CO2-kvotar som vil avgjera lønsemda. Berre ein ambisiøs klimapolitikk, som prisset CO2-kvotane til ti gongar dagens nivå, vil kunna gjera dette til eit lønsamt prosjekt, konkluderer den uavhengige konsulentrapporten.

Du kan lasta ned heile KS2-rapporten på OED sine heimesider

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.