Straume

Heimbygda mi. Kommunesenter i Fjell. Regionsenter i Region Vest i Hordaland, Kring 3.000 innbyggjarar. Lokalisert langsmed Straumsundet har Straume altid hatt tilknyting til sjø. 

15 minutt frå fisketorget. Meir sentralt enn mange av tettstadane i Bergen. I 1971 kom Sotrabrua med direkte køyreveg til Bergen. Farvel «dampen», farvel kjærleikens ferjereiser…

I staden kom bergensarane, i ein jevn straum. Det som i 1970 var ei spreiddbygd bygd med eit 20 tals hus og 210 innbyggjarar fekk med eitt byggjefelt både her og der. I meir enn 40 år har Fjell vore ein av dei sterkaste vekstkommunane i Norge. Storparten av tilflyttarane har slege seg ned på Litle Sotra.

I 1978 vart R555 lagt om. Frå ein smal veg som krongla seg gjennom tuna, fekk vi ein moderne «motorveg» strake vegen gjennom utmarka på Straume. Attmed vegen bygde 15 -20 lokale kjøpmenn eit handlesenter. På andre sida av vegen ville politikarane at det nye rådhuset skulle stå. Utviklinga skjedde i utmarksområda, godt unna den historiske busetnaden. Sett frå «nybyen» var den historiske tilknytinga til sjøen ikkje særleg synleg,

Og handlesenteret? Flesteparten av dei lokale kjøpmennene har lagt ned, eller er blitt tvinga ut. Ein stadig meir dominerande lokal aktør har gått i allianse med Thon. No knivar dei om å vera eit av dei ti sentrene med størst omsetning i Norge. Senteret har i dag overkapasitet på handelsareal samanlikna med nasjonale normar på 20 prosent – og meir er under utbygging. For å vinna fram i konkurransen og utvida kundegrunnlaget har eigarane like godt sett seg føre å byggja by kring senteret. Det som var meint å gje grunnlag for næringsverksemd for lokale innbyggjarar har fått lov til å utvikla seg til ein kreftsvulst.

Etter meir enn 20 år i «utlegd», mellom anna i Bergen og Oslo, valde eg å overta barndomsheimen min og flytta heim att i 2001.  Dette gjorde eg, vitande om at Straume har vore ei reguleringsmessig «krigssone» like sidan 1970-talet. Familien min har vore involvert i fleire langvarige reguleringsmessige konflikter, og har, meir eller mindre frivilling, gjeve grunn mellom anna til det som i dag er Sartor Senter.

Tidleg på 70-talet beita sauene våre på det som den gong var Grønamyra – i dag er det berre vegnamnet att som kan antyda om historien.

 

Advertisements