Bustadane hopar seg opp i Fjell

Det er fleire bustadar på marknaden i dei fire kommunane vestom Bergen enn det vart seld i april, mai og juni totalt. Bustadreserven tilsvarar 112 prosent av salet i andre kvartal. Lengst tid vil det ta å selja unna bustadane i Fjell og Øygarden. Continue reading «Bustadane hopar seg opp i Fjell»

BKK vil avgjera tomtestrid i retten

Øygarden kommune er langt frå nøgd med erstatninga BKK har tilbode for tapet av tomtane i Naturgassparken som vert berørt av den nye høgspentlinja til Kollsnes. No vil BKK avgjera tomtestriden i Nordhordland Tingrett. Continue reading «BKK vil avgjera tomtestrid i retten»

Bustadboble i Fjell

Utbyggjarane i Fjell pumpar ut nye bustadar langt raskare enn kva marknaden klarar å svelja unna. Sidan mars har talet på bustadar til sals i kommunen auka med 70 prosent. Continue reading «Bustadboble i Fjell»

Fjell aukar bobla i bustadmarknaden

Det var færre bustadar til sals i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy ved utgangen av august samanlikna med juni. I Fjell derimot held talet på ledige bustadar seg stabilt høgt, viser Tunnelsyn sin analyse av den lokale bustadmarknaden. Continue reading «Fjell aukar bobla i bustadmarknaden»

Eigedomsmarknaden held temperaturen

Statens kartverk har hatt det travelt i sommar med å registrera nye eigedomshandlar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden. Heile 307 eigedomar fekk ny eigar i juli. Samla verdi av dei selde og overdregne eigedomane var på 536,8 millionar kroner. I tillegg vart det omsett 11 burettar verdsette til 14,9 millionar kroner. Continue reading «Eigedomsmarknaden held temperaturen»

Eksplosjon i bustadmarknaden i juni

Fleire eigedomar skifta eigar, og til høgare pris, i Fjell, Sund, Askøy og Øygarden i juni enn i månadane før. Ein samla omsetnad på 563 millionar kroner er 142 millionar høgare enn i mai. Ein vekst på 34 prosent. Continue reading «Eksplosjon i bustadmarknaden i juni»