Tunnelsyn.no

Måsen er Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri medikanal som kan tillata seg å sjå hendingane ovanfrå.
Måsen er Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri mediekanal som kan sjå hendingane ovanfrå.

Tunnelsyn.no er kanal for det uavhengige informasjonstiltaket “Lokalsamfunn i sterk vekst”. Tiltaket har som mål å skapa auka forståing av kompleksiteten i problemstillingar som utbyggingspresset kring storbyar som Bergen reiser.

Tunnelsyn.no skal vera ei alternativ informasjonskjelde og diskusjonsforum.

Nettavisa held til på Straume og dekkjer primært kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.

Samfunnsutvikling er overordna tema for dei sakene vi publiserer. Politikk og næringsutvikling står sentralt, særleg det som skjer lokalt, men også hendingar på fylkeskommunalt og statleg nivå som påverkar kvardagen for innbyggjarane i kommunane.

Kultur er vårt tredje satsingsområde. Her tenkjer vi særleg på kystkultur i vidaste forstand, men også utstillingar, litteratur, reiser, hage og vin.

Historien
“Tunnelsyn.no” vart oppretta som eit diskusjonsforum. Planane for eit nytt Sotrasamband stod øverst på dagsorden då bloggen krevde sin plass på verdsveven i 2008. Etterkvart har det blitt meir aktuelt å sjå på korleis heimbygda mi Straume og lokalsamfunnet her vest for Bergen utviklar seg. Den lokale motstanden mot det som skjer er stor, men politkarane tenkjer ikkje så langt som til neste val…

Baktanken er sjølvsagt eit håp om å vera med påverka utviklinga, dempa utbyggingspresset og hindra at Straume og Litle Sotra endar opp som eit einaste stort handlesenter, omgjeven av ei rundkjøring. Utgangspunkt for bloggen var artiklar eg har hatt på trykk i lokale media.

Tittelen “Tunnelsyn” kan tolkast som eit forsøk på å skapa ein ironiske distanse til det eg oppfattar som manglande breidde i den offentlege debatten. “Tunnelsyn” si oppgåve er ikkje nødvendigvis å føra ein balansert debatt, men å gje ny innsikt og bidra til større breidde og betre balanse i den offentlege debatten.

Kor vidt Tunnelsyn skal favna er tema for ein evig diskusjon redaktøren har med seg sjølv. Vert fokuset for snevert, vil vi mista viktige poeng og samanhangar som er sentrale for å få til ei overordna forståing. Favnar vi for vidt, vil poenga drukna i irrelevante detaljar.

Sjølv har eg bakgrunn som kommunikasjonsrådgjevar. Har tidlegare arbeidd i mange år som fagpressejournalist med teknologi og teknologiutvikling som spesialfelt.

I tillegg til innsende innlegg, vil eg som redaktør nytta alle relevante anledningar til å intervjua og henta inn kommentarar frå A-, B- og C-kjendisar, både i det lokale miljøet og som evnar å sjå utviklinga utanfrå.

Undervegs har bloggen utvikla seg til å verta ei nettavis. Ein digital kanal som i utgangspunktet er åpen for alle. Lat oss få høyra kva DU meinar om planane for eit nytt S*tra*.

Betre å ha sagt kva du meinar, enn å angra på at du har halde munn!

Formell utgjevar av Tunnelsyn.no er Straumsundet AS, orgnr. 915 429 068.

Redaktør: Liv Strømme