Elbilane tek over nybilsalet

Strilane vestom Bergen kjøpte nye bilar som aldri før i fjor. Totalt vart det registrert 2310 nye og bruktimporterte bilar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden. Nær halvparten – 1078 – er elektrisk drivne.

Les meir

– Spar 10 prosent på direkteimporterte bilar

Utviklinga i nybilsalet i region vest har vekka konkurranseinstinktet hos dagleg leiar Geir Ole Lie i Lieco Auto AS. Direkteimporterte bilar av konkurrerande merkje står no for tredelen av salet hos Hyundai-forhandlaren på Straume.

Les meir

Bråbrems for bilforhandlarane

Sotrastrilen kjøper bilar som aldri før – men vi vel i stadig større grad å kjøpa elbilar – hos forhandlarane på innsida av Sotrabrua. Det viste att i rekneskapane for dei lokale forhandlarane i fjor. Av dei lokale bilforhandlarane var det berre Toyota Sotra som klarte å sikra ein ørliten vekst i både omsetnad og […]

Les meir

Elbilane vinn kampen om nybilkundane i Region Vest

Stadig fleire oppdagar fordelane med å køyra elbil. Talet på nyregistrerte elbilar i Region Vest vart nær dobla i første halvår samanlikna med same perioden i fjor. Elbilane står no for 47 prosent av det totale nybilsalet. Asketappane er dei ivrigaste kjøparane, med Fjellsokningane eit hakk bak.

Les meir