Leitinga etter den ultimate «kånebilen»

Med så mange bilforhandlarar samla i Sotra Arena, var det freistande å utfordra bilseljarane til å koma opp med forslag til den ultimate ”kånebilen”. Venstre si Brith Ediassen vart med på leitinga. Continue reading «Leitinga etter den ultimate «kånebilen»»

Gjestekommentar: – Femdobla bompengar er feil tiltak mot dårleg byluft

Brith Ediassen (V) er spent på om lønsnivået innan helse og omsorg i ein nye kommune vil bidra til å styrkja rekrutteringsgrunnlaget.
Bergen burde ha teke kontakt med omeignkommunane for å koma fram til felles løysingar for korleis luftkvaliteten i Bergen kan betrast, meinar Brith Ediassen i Fjell Venstre.

Brith Ediassen (V) er ei av dei som reagerer på Statens vegvesen sine planar om å femdobla satsane i Bomringen på dagar med dårleg luftkvalitet i Bergen. I formannskapet i Fjell sist veke stemte ho mot høyringsforslaget.

Dette burde vi ha snakka om, skriv Ediassen i denne Gjestekommentaren på Tunnelsyn.

Kvifor inviterer ikkje Bergen omeignkommunane med på drøfting i ei slik sak? Saman kunne vi gjerne ha funne gode løysingar.

Vi kunne til dømes ha blitt samde om eit godt kollektivtilbod som vil kunna ha effekt på lang sikt, ikkje berre nokre få dagar i året.

Sjølvsagt måtte vi også drøfta alternative løysingar for innfartsparkering.

– Det er no forhandlingane byrjar

Samordninga av lønsnivået for tilsette innan helse og omsorg i Fjell, Sund og Øygarden vil verta ei stor utfordring for forhandlingsutvalet i innspurten fram mot 20. juni, fryktar Brith Ediassen (V) i Fjell. Continue reading «– Det er no forhandlingane byrjar»