Får pengar til byutvikling

Kan ein differensiert standard for gang- og sykkevegar i regionsentrene bidra til rimelegare utbyggingar utan at det svekkar trafikktryggleiken? Arkivbilete.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland deler ut 22 millionar kroner til å skapa gode bymiljø.

Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune får til saman 3,85 millionar kroner. Pengane skal delast mellom fem ulike prosjekt.

Fylkeskommunen skal utvikla ein metode for å måla areal- og transportutviklinga i heile Bergensområdet.

Kan ein differensiert standard for gang- og sykkelvegar bidra til å verkeleggjera mindre kostnadskrevjande utbyggingar i regionsentene, utan at trafikktryggleiken vert svekka? Dette er eit spørsmål ministeren ønskjer å finna svar på regionsentrene i Bergensområdet.

Les: Får 22 millionar til gang- og sykkelvegar på Straume

Metodar for å måla nytteverdien av tiltak som skal betra framkomsten for kollektivtransporten, er det tredje tiltaket fylkeskommunen får midlar til i Bergensområdet

 

 

Vil kutta i skuletilbodet

Få søkjarar gjer at utval for opplæring og helse i Hordaland fylke ønskjer å kutta i tilbodet ved dei vidaregåande skulane på Sotra og Askøy frå hausten av.

Sotra vidaregåande. Arkivbilete.

Totalt 21 klassar ved dei vidaregåande skulane i fylket står på lista over dei tilboda utval for opplæring og helse i Hordaland ønskjer å leggja ned frå komande skuleår, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune:

Rektor Oddvar Skråmestø ved Askøy vidaregåande ønskjer å gjera den ny-rehabiliterte Askøy-skulen til ein teknologiskule. Elektrofaga er eitt av satsingsområda. No sviktar elevane på vg2 data og elektronikk og fylket ser mogelegheit for å kutta.

Les: Satsar på teknologiskule på Askøy

Sotra vgs:
Ved Sotra vgs peikar utvalet på innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og
vg1 design og handtverk som klassar som kan leggjast ned.