Stadig fleire for tunnel

Innbyggjarane i Fjell ønskjer tydelegvis ikkje å ta på alvor Fjell kommune og Hordaland Vegkontor sin felles strategi for splitt og hersk.

Den uoffisielle meiningsmålinga til Tunnelsyn viser at stadig fleire av dei som avgjev stemme ønskjer seg tunnel. Tre av fire (73 prosent) går no for denne løysinga. Dette trass i at forslaget støttar opp under byplanleggjarane sin framtidsvisjon for utviklinga på Litle Sotra.

To av ti føretrekkjer ei løysing over Søre Fjell og Sund. Denne gruppe vel  å ta nytteverdien for heile regionen med i reknestykket, samstundes om dei ser dei negative konsekvensane eit framtidig samband over Knarrevik vil få både for Litle Sotra og for heile veste innfartsåre.

Berre åtte prosent av dei som har stemt ser for seg at ei bru i høgspentsambandet vil vera den beste løysinga.

Samband i sør kan berga Litle Sotra

Kampen for tunnel, eventuelt bru via Knarrevik, tek merksemda vekk frå den eigentlege kjernen i diskusjonen – framtida for Litle Sotra.

Når skal tunnel-tilhengjarane og bru-tilhengjarane oppdaga at de eigentleg sit på same sida av gjerdet? Begge partar ønskjer då å bevara det bumiljøet og dei kvalitetene vi har og set pris på her på Litle Sotra?

Dagens diskusjonen skjer på premissa til byplanleggjarane.

Same kven av dei to alternativa som vert vedteken, vil det føra til ei omfattande utbygging av tilførselsvegar til og frå. Eit vegnett som i neste omgang skal fyllast med bilar, frå ny, blokkmessig busetnad. Same kven av dei to alternativa som vert vedteken, vil det auka presset om fortetting og ytterlegare utbygging på Straume, såvel som på Foldnes, Brattholmen, Knarrevik og Hjelteryggen.

Vi vil få ein bymessig busetnad på heile øya. Snart vil alle utmarksområde vera utbygd – ekspansjonsgrunnlaget vert vekke – om ein då ikkje tvingar gjennom omfattande rivingstiltak i eksisterande byggjefelt.

Den einaste som tener på diskusjonen slik han utartar seg i desse dagar er «Sartorkongen». For han er dette sikkert ei kjærkomen – og kanhende også planlagt – avleiing av diskusjonen. Han håpar å kunna flira heile vegen til banken. Dei som ikkje skjønar kva eg pratar om, kan ta ein kikk på eiendomsbilaget til Eiendomsmegler Vest i dag, på annonseringa til Altor Eiendom – blokker som skal byggjast på ruinane til fem fråfytta heimar.

Eit nytt Sotrasamband i sør er det einaste som kan hindra at Litle Sotra får utvikla seg til eit gigantisk handlesenter, omgjeven av ei trafikkmaskin.

Eg vil oppfordra mødrene ved Alvøy og Liljevatnet skular, og alle aksjonistar for tunnel: Lag eit nytt, felles demonstrasjonstog – denne gongen for heile Litle Sotra. Sørg berre for å få med dykk resten av kommunen og folk i sør; dei har både ønskje, plass og glede av at lokalsamfunna deira får del i den veksten som finn stad her vest for Sotrabrua.

Knarrevik – ei kortsiktig løysing

Ei ny vegløysing over Knarrevik vil ikkje vera langsiktig. Eit sørleg alternativ må uansett koma om ikkje så lenge. Effektive kollektivløysingar kan dessutan føra til at trafikken vert vesentleg lågare enn prognosane legg opp til, hevdar Jorunn Småbrekke Gjersvik (Sp).

Sjølv om det sørlege alternativet for tida synes vera lagt på is, trur ikkje Sp-representanten at tanken er skrinlagt for godt.

 Einkvar by har behov for ein ringveg, og kva er no eigentleg så farleg med tunnelar? Kan det vera vikarierande motiv ute å gå i denne saka, undrast ho.

Gjersvik trur mange vil halda fram kampen for dette alternativet, også etter at den framtidige traseen for det nye Sotra-sambandet er avgjort i politiske fora.

Tanken om eit sørleg alternativ er berre ikkje moden enno, seier ho.

Noko tru på eit sørleg samband som ein del av ein framtidig E39, med veg nordover gjennom Sotra og Øygarden, og tverrsamband over Hjeltefjorden frå Kollsnes til Hanøytangen og vidare til Mongstad har Gjersvik likevel ikkje.

Siste ord?

På det utvida formannskapsmøtet torsdag og fredag denne veka skal politikarane i Fjell freista verta samde om ei tilråding til kommunestyret om kvar vegen skal gå. Dermed vil truleg det meste vera sagt. Fjell-politikarane si avgjerd vil vega tungt hos dei andre kommunane som er involverte i prosjektet.

Diskusjonen i innspurten dreier seg hovudsakeleg om korleis miljøinngrepa på Litle Sotra kan reduserast. Planane, slik dei er utarbeida av Statens Vegkontor, vil kunna få dramatiske skadeverknadar, ikkje berre på urørt natur. Dei vil og kunna setja ein effektiv stoppar for framtidige utbyggingsprosjekt.

I staden vil politikarane truleg freista sy saman eit forslag om bru i høgspent-traseen og tunnel til Arefjord. Der vert det kryss mot Foldnes og mot Storskaret/Søre Straume. Målet er å unngå den føreslegne motorveg-traseen over Litle Sotra, men å begrensa utbygginga til to nye felt reservert for kolletivtrafikk.

Opptekne av kollektiv-løysingar

I media har utbyggjarane så vel som politikarane sine tankar om gode kollektive løysingar heilt kome i skuggen av diskusjonen om bru eller tunnel over Knarrevik. 

 All trafikken skal ikkje til Bergen. Byen er ein flaskehals. Vi er difor nøydde til å byggja oss ut av privatbilismen. Kollektivløysingane må prioriterast fram til Straume, eller aller helst til Kolltveit. Dette ligg også inne i planen, hevdar Gjersvik. 

 Prognosene legg opp til at halvparten av bilane vil ta av mot Hjelteryggen, Straume eller Foldnes. Tek desse tala høgde for utbygging av gode kollektivløysingar, eller vil eit effektivt bussamband kunna føra til at den faktiske trafikken vert vesentleg lågare enn dei offisielle prognosene tilseier?

Eit godt spørsmål. Det må eg få avklart på torsdag, seier Gjersvik.

 

Bergen – ein flaskehals

Først publisert i BT 20. november 2008

Vert det nye Sotra-sambandet lagt over Knarrevik, vil det skapa fleire problem enn det løyser.

Fastlandssambandet skal stimulera veksten i personbiltrafikken til og frå sentrum. Samstundes skal det betra vilkåra for tungtrafikken mellom dei mange næringsområda rundt Bergen. To ulike problem, som best kan løysast av ulike tiltak.

Eit nytt vegsamband over Knarrevik vil flytta bilkøane frå Sotra-sida over på vegnettet innanfor Storavatnet. Luftforureininga i sentrum vil auka tilsvarande. Her har Sotra-strilane og bergensarane felles interesse: Vi ønskjer ikkje å kasta vekk enno fleire timar i bilkø medan eksos-lokket tjuknar til mellom Fløyen og Løvstakken.

For å kutta dei trafikkskapte utsleppa av CO2 og andre klimagassar, treng vi effektive kollektivløysingar. Samstundes må tilhøva for nyttetransporten betrast.

Tenk kollektivt

Veksten i talet på reisande tilseier at kollektivtilbodet må oppgraderast vesentleg lenge før 2016, som det tidlegaste tidspunktet eit nytt Sotra-samband kan stå ferdig.

Trafikkprognosane viser at halvparten av kjøretøya hører til på Litle-Sotra. Halvparten av innbyggjarane i Fjell vil ha mindre enn 10 minutt å gå til ein haldeplass på strekkjene Bystasjonen- Hjelteryggen, Straume (Næringsparken), Våge og Ågotnes (CCB). 20 seters ekspressbussar med avgang kvart 10. minutt vil kunna redusera talet på personbilar med inntil 800 per time.. Dei mange Bergensarane som arbeider på Straume og Ågotnes vil sørga for at bussane ikkje returnerer tomme.

Vilkåret er at bussen går når folk treng han.

Det gløymte alternativet

Næringsaktivitetane i Bergensområdet har dei seinare tiåra spreitt seg så vidt utover at det er på tide at vegnettet held følgje. Mykje av nyttetrafikken går i dag mellom Kollsnes, Ågotnes, Straume, Mongstad og Kokstad. Tanken om at alle vegar nødvendigvis innom Bergen sentrum, hører gårsdagen til.

Bergen er ein av få storbyar i Europa utan noko ringveg.

Mange Sotra-strilar har arbeidet sitt på Sandsli/Kokstad. For dei vert turen innom sentrum ein omveg. Mykje av tungtrafikken frå Kollsnes, CCB og Straume skal sørover mot Stord, Haugesund og Stavanger. Andre vogntog skal til Mongstad eller nordover E 39. Dagleg snakkar vi om eit 1.000-tals vogntog eller meir. Heller ikkje dei treng å leggja ruta innom sentrum – berre vegen går utanom.

Det ”parkerte” forslaget til fastlandssamband over Søre Fjell til Sandsli/Kokstad vil kunna utgjera ein viktig del av ein framtidig ringveg. Saman med planane om eit tverrsamband Kollsnes – Askøy – Lindås vil det kunna utgjera ryggraden i ein ny E 39. Ein rask og tidsmessig Kyststamveg gjennom sentrale delar av Hordaland, upåverka av køar, stengde tunellar og andre trafikkale stengsler i Bergen sentrum.

Presendens for eksporpiasjon

Vegkontoret sine føretrekte løysingar vil medføra omfattande inngrep i nærmiljøet på begge sider av brua. Fleire hundre familiar vil verta jaga på flukt frå heimane sine om fastlandssambandet vert lagt over Knarrevik.

Politikarane – og alle vi andre – veit om dei mange heimane som står på spel. Eit ubehageleg tema som vi snakkar minst mogeleg om.

Skal vi ofra etablerte bygder for at nabobygdene skal få ei bru som uansett berre representerer ei dårleg løysing på transportproblema? Veksten i regionen vil ikkje stoppa opp om det nye fastlandssambandet ikkje vert lagt over Knarrevik. Tvert om. Ein ringveg vil opna nye areal for utbygging. Samstundes  vil den forkorta reisetida mellom dei mest sentrale tettstadane i regionen.

Utrygg i eigen heim

Først publisert i Kyrkjeblad for Fjell, nr. 5/2008

”Heim” – eit ord dei fleste av oss assosierar med tryggleik og folk som vil oss vel. Heime kan vi seinka  skuldrene, ta katten på fanget og vera oss sjølve. Ein tryggleik dei fleste av oss tek for sjølvsagt.

Stadig fleire fjellsokningar opplever no å vera utrygg i eigen heim. Heimane deira står i vegen for verkeleggjeringa av planane om nytt fastlandssamband.

Trasèval

Politikarane i Fjell, Sund, Øygarden og Bergen skal i nær framtid velja trasè for det nye vegsambandet til regionen. Mange heimar i Knarrevik, på Straume og på Godvik-sida står i fare for å måtta rivast, uansett om politikarane vel bru eller tunnel.

I fredstid er tap av heimen noko av det mest traumatiske eit menneskje kan oppleva. Ein husbrann vert omtala som ein tragedie. Dei heimlause får mykje sympati og all mogeleg hjelp til å byggja huset opp att.

Politikarane – og vi andre – veit om dei mange heimane som står på spel om denne vegutbygginga vert realisert. Vi snakkar likevel minst mogeleg om det. Eit ubehageleg tema. Vegen må jo fram? Flytt deg – du står i vegen!

Eit verdival

Etter fleire tiår som innbyggjarar i eit av landets sterkaste vekstområder vert Sotra-strilen no for alvor konfrontert med ein ny type utfordring: Vi må få til ei styrt utvikling i samsvar med dei kvalitetar og verdiar vi ønskjer at dette samfunnet skal ha.

Valet står ikkje berre mellom bru og tunnel. Dette er like mykje eit signal om kva verdiar vi vil skal gjelda i samfunnet. Skal vi setja individet i sentrum? Du er like mykje verd som eg. Eller skal vi akseptera at fleire hundre menneskjer vert tvungne til å forlata heimane sine for at vi andre skal få løyst transportproblema våre? Vårt ønskje om rask transport har høgare prioritet enn din heim? Skal vi ofra etablerte bygder for at nabobygdene skal få ei bru som likevel berre representerer ei halvgod løysing på dei transportproblema regionen står ovanfor? Aksepterer vi påstanden om at veksten i regionen vil stoppa opp dersom det nye fastlandssambandet ikkje vert lagt over Knarrevik?

Presedens for ekspropiasjon

Ekspropiasjon er eit verkemiddel som i Fjell til no har vore nytta unntaksvis.  Erfaringane frå handsaminga av Straume-planen viste at utbyggjar sin strategisk plassering av vegar i den hensikt å verta kvitt dei mest brysame motstandarane vert oppmuntra hos offentlege instansar så vel som hos politikarane. 

Dersom det nye fastlandssambandet vert lagt over Knarrevik vil det bidra til å styrka presedensen for å alminneleggjera bruken av ekspropiasjon i framtidige utbyggingar.

Det kunne vore din heim

Aksepterer du ei slik utvikling? Tenk nøye over spørsmålet. I vekstkommunen Fjell vert problemstilliga stadig meir aktuell. Når neste utbyggingsplan skal utarbeidast, er det kan hende din heim som står i vegen.