– Ta den telefonen!

Ordførar Børge Haugetun i Øygarden har kravd at 600 øygardsstrilar skal få høve til å seia meininga si i innbyggjarundersøkinga om kommunesamanslåinga. No oppfordrar han flest mogeleg av dei utvalde til å ta telefonen når dei ser eit 73-nummer på displayet. Continue reading «– Ta den telefonen!»

Skrinlegg kontroversiell omsorgsinstitusjon

Utan støtte frå brukarane sine interesse-organisasjonar vil ikkje Husbanken bidra med finansiering til omsorgsinstitusjonen Hjeltefjorden leilegheitssenter i Øygarden. No vil formannskapet skrinleggja planane og overføra midlane til Hjeltefjorden Arena. Continue reading «Skrinlegg kontroversiell omsorgsinstitusjon»

Tre gongar så mange sosialhjelpsmottakarar i Øygarden

Sett i forhald til folketalet var det tre gongar så mange øygardsstrilar som mottok sosialhjelp i fjor, samanlikna med asketappar.

For å få innvilga økonomisk sosialhjelp må du vera ute av stand til å forsørgja deg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved andre økonomiske ytingar som du kan ha krav på. Økonomisk sosialhjelp er ei midlertidig inntekt. Målet med stønaden er at mottakaren så raskt som mulig skal kunne klare deg selv.
For å få innvilga økonomisk sosialhjelp må mottakaren vera ute av stand til å forsørgja seg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved andre økonomiske ytingar som han kan ha krav på. Økonomisk sosialhjelp er ei midlertidig inntekt. Målet er at mottakaren så raskt som mulig skal kunne klara seg sjølv.

Dette kjem fram av kommunane sine eigne rapporteringar til KOSTRA.

Store skilnadar
2,3 prosent av innbyggjarane i Hordaland kom i fjor i ein slik situasjon at dei trong søkja økonomisk bistand eller lån frå det offentlege til naudsynt livsopphald.

KOSTRA-rapporteringane viser at det er svært store skilnadar mellom Fjell, Sund, Øygarden og Askøy når det kjem til tildeling av sosialhjelp.

Øygarden på topp
Øygarden ligg på topp i Hordaland når det vert spørsmål om kor stor andel av innbyggjarane som tok mot økonomisk støtte eller lån frå det offentleg i fjor. I kommunen var det 216 personar som mottok sosialhjelp i fjor. Det tilsvarar 4,5 prosent av innbyggjarane.

Askøy
I andre enden av skalaen finn vi Askøy. Sjølv om talet på mottakarar var dobbelt så høgt (416), var det likevel berre 1,5 prosent av innbyggjarane som vart innvilga økonomisk bistad frå kommunen.

Flest i Fjell
Flest sosialhjelpsmottakarar finn vi i Fjell. Sjølv om talet på innbyggjarar i Fjell og Askøy er omlag likt, var det 181 fleire som fjellsokningar som fekk innvilga sosialstønad i fjor enn asketappar.

KOSTRA-rapaporteringa viser at heile 597 fjellsokningar i fjor fekk innvilga offentleg støtte til livsopphald. Talet inneber at 2,4 prosent av innbyggjarane var i ein slik situasjon at dei trong økonomisk bistand for å klara seg.

Færrast i Sund
Færrast stønadsmottakarar finn vi i Sund. 151 mottakarar tilsvarar 2,2 prosent av innbyggjarane i kommunen.

Det som ikkje vert nemnt
Det framkjem ikkje av statistikken korvidt vi faktisk snakkar om einskildpersonar, eller om barn og andre husstandsmedlemmar stønadsmottakaren forsørgjer inngår i tala. Om det første er tilfelle, kan det faktiske talet på innbyggjarar som var avhengig av offentleg stønad vera vesentleg høgare.

Vurderte å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes

Dei Statoiltilsette på Sture- og Kollsnesanlegga må vera dei mest produktive arbeidstakarane i Bergens-området. Dagleg sørgjer dei for at olje, gass og kondensat til ein samla verdi av 350 millionar kroner passerar gjennom anlegga og ut til den europeiske marknaden. Continue reading «Vurderte å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes»

Navnekrangelen – ei avsporing av kommunedebatten

Vestnytt har siste veka kjørt si eiga meiningsmåling om kva ein nye kommune bør heita. Ikkje uventa har det vist seg at meiningane sprikjer stort dei tre kommunane i mellom. Eg fryktar lokalavisa har klart å kjøra heile kommunedebatten ut på eit sidespor. Continue reading «Navnekrangelen – ei avsporing av kommunedebatten»