Båt – eit rimeleg alternativ til ny Sotrabru

Sotra-samfunnet bør vurdera båt som alternativ til ny Sotrabru, oppfordrar administrerande direktør Siri Hatland i Kystrederiene. Continue reading «Båt – eit rimeleg alternativ til ny Sotrabru»

Milliardverdiar i næringseigedom

To verksemder vil stå for fjerdedelen av eigedomsskatten på verk, bruk og næring i Fjell.

Ranveig Frøiland har leia takseringsarbeidet.
Ranveig Frøiland har leia takseringsarbeidet.

Takseringsarbeidet viser at det lokale næringslivet sit på eigedomar til ein samla verd i av 4,42 milliardar kroner, opplyste Ranveig Frøiland som har leia takseringsarbeidet, på siste møte i kommunestyret.

Sartor Storsenter
Den mest verdfulle eigedomsmassen i kommunen er Sartor Storsenter, eigd av Sartor Holding AS og Olav Thon ASA. Handlesenteret som kjempar om å vera mellom dei ti største i landet, vert taksert til 695 millionar kroner. Då er leigeinntekter, driftskostnadar og anteken salspris på den opne marknaden teken med i reknestykket.

CCB
Kaianlegga og bygningane til CCB AS vert taksert til 364 millionar kroner, ut frå dei same vurderingane.

Konsentrasjon
Største eigedomsverdiane i kommunen er, ikkje uventa, samla i Straume- og Ågotnesområda.

Sartor Storsenter er taksert til 695 millionar kroner.
Sartor Storsenter er taksert til 695 millionar kroner.

I Straume Næringspark, medrekna Sartor Storsenter, er det konsentrert ein bygningsmasse til ein samla verdi av 1,47 milliardar kroner.

Ågotnesklyngen vert rekna å ha ein samla salsverdi på 1,2 milliardar kroner.

Netto inntekt
Eigedomsskatten på verk, bruk og næring, som vart innført ved siste årsskiftet, kjem til å innbringa Fjell kommune kring 5,3 millionar kroner netto, ifølgje Frøiland.

Totalt 700 bygg på 390 eigedomar i kommunen vert omfatta av ordninga. Skattegrunnlaget på eigedomane vert sett til to promille av 65 prosent av taksten.

Eigedomar verdsette til 400 millionar kroner er unntekne frå eigedomsskatt, avdi dei tilhører Fjell kommune, eller frivillige organisasjonar.

Båthavner
Båthavner som driv med utleige, vert også omfatta av ordninga. Dei kan venta seg besøk av tekseringsekspertane med det aller første, varsla Frøiland.

Dei einskilde verksemdene vil no få melding om taksten, før skatteutrekninga kjem i månadsskiftet april/mai, informerte Frøiland.

Det er Eskan AS som har utført takseringa på vegne av Fjell kommune.

Les også:
Fjell innfører eigedomsskatt

Drøfta innfartsparkering

Foto: Fjell kommune
Foto: Fjell kommune

Kor mange er det eigentleg som dagleg reiser frå Sund, Søre Fjell og vestre Sotra til byd’n? Truleg er det grunnlag for eigen innfartsparkering på Fjell gard med direktebuss til Bergen sentrum, seier Ranveig Frøiland (Ap). Les meir

Alle er like for Forvaltningslova

Spørsmålet om Johannes Kobbeltvedt (Sp), Kjell Rune Garlid (SL) og Svein Bergh (SL) er ugilde i behandlinga av den nye arealplanen i Fjell inneber ei personifisering av eit vanskeleg og langt meir omfattande tema. Temaet er overmodent for diskusjon. Å ekskludera nokon frå behandlinga av ein overordna plan strir likevel mot vanleg praksis i utbyggingskommunen Fjell. Når forslaget attpåtil er avgrensa til opposisjonens sine mest taleføre representantar i Komite for plan og utvikling, smakar det av dårleg vurderingsevne.

Continue reading «Alle er like for Forvaltningslova»