Fleire får tilrettelagt transport

Personar med nedsett funksjonsevne får pengar til 100 fritidsreiser dette året.

Den sokalla TT-ordninga inneber at eldre og personar med nedsett funksjonsevne har rett på å få tilrettelagt transport på fylkeskommunen si rekning. Regjeringa auka i desse dagar løyvinga for 2019 med 64 millionar kroner.

Heile 28,5 millionar kroner endar i Hordland, framkjem det av ei pressemelding frå Samferdsledepartementet.

Løyvinga inneber at meir enn 2.400 hordaleningar no vert omfatta av TT-ordninga.

Så framt pengane strekk til, vil ordninga neste år verta utvida til å omfatta 200 fritidsreiser.