Stod opp for klimaet

Med ønskje om ny veg overkøyrte fleirtalet klimatilhengjarane då kommunestyret i Fjell vedtok reguleringsplanane for FV. 561 Kolltveit – Ågotnes og Fv. 555 Kolltveit – Sund grense.
Continue reading «Stod opp for klimaet»

Slik kan Statens vegvesen framtvinga ekspropiasjon til Sotrasambandet

Grunneigarar som kjem i vegen for nye Sotrasambandet risikerer å få eigedomen sin ekspropiert før det er endeleg avklart kva dei kan venta seg i vederlag. Continue reading «Slik kan Statens vegvesen framtvinga ekspropiasjon til Sotrasambandet»

Tok tilbake kontrollen over ekspropiasjonssakene

Med ei einkel setning, og utan debatt, tok ein samrøystes Komité for plan og utvikling tilbake kontrollen over ekspropiasjonssakene i Fjell. Continue reading «Tok tilbake kontrollen over ekspropiasjonssakene»

Gjestekommentar: Kvifor så lite tilpassa til lokalmiljøet, ordførar?

Førstegongs godkjenning av ein reguleringsplan er for krevjande til at arbeidet kan verta omfatta av ordninga med sommarfullmakt til ordføraren. Planframlegget for detaljergulering for Knappskog gamle skule bør sendast tilbake til administrasjonen. Continue reading «Gjestekommentar: Kvifor så lite tilpassa til lokalmiljøet, ordførar?»

Rasar mot arealplanen – frådelte tomtar er for små til å byggjast på

Mange frådelte tomtar i Fjell er ikkje større enn 500 – 600 kvadratmeter. Kravet om maksimal utnytting på 20 prosent gjer at tomtane i praksis vert for små til å byggjast på. Continue reading «Rasar mot arealplanen – frådelte tomtar er for små til å byggjast på»

Utbyggjar vil heller byggja småhus

Eide Boligutvikling klarte ikkje å få seld dei 30 blokkleilighetene på Angeltveit Vest. Istaden søkte dei dispensasjon frå sin eigen reguleringsplan for å byggja småhus. Continue reading «Utbyggjar vil heller byggja småhus»