Hordaland fylkeskommune går på børs

Når det offentlege sine investeringsbehov overgår utlånsgrensa i Kommunalbanken, og alarmklokken kimer i Riksrevisonen, er Oslo Børs nærast. Hordaland fylkeskommune er nummer to på lista over nye offentlege obligasjonsutstedarar med størst låneopptak i år. Continue reading «Hordaland fylkeskommune går på børs»

Prioriterer kollektiv og båt på topp

Betre tilbod om kollektivtransport, over heile øya, er det samferdsletiltaket Askøypolitikarane har høgast på ønskjelista. Fleire båtar og utvida båtrute står på andreplass framfor oppstarten av arbeidet mot Regional Transportplan for Hordaland. Continue reading «Prioriterer kollektiv og båt på topp»

Då fjorden var Riksveg 1

Revolusjonerande teknologi, kombinert med eit totalt fråvær av offentleg regulering, gjorde at risikovillige reiarar kring 1900 konkurrerte om båtpassasjerar og frakt frå Døsjø, Ekerhovd og Ebbesvik til Bergen. Continue reading «Då fjorden var Riksveg 1»

Kan Sotra-strilen gjenerobra sjøvegen?

I ein kommentar til mitt siste innlegg skisserer Johannes Guddal eit krisescenario der ein tankbileksplosjon gjer Sotra-brua ubrukeleg for all framtid. I mangel av brusamband vil Sotra-strilen sjå seg nøydd til å erobra attende sjøen som ferdselsveg. Ei løysing som vil fungera over all forventning, føreser han. Continue reading «Kan Sotra-strilen gjenerobra sjøvegen?»

Knarrevik – ei kortsiktig løysing

Ei ny vegløysing over Knarrevik vil ikkje vera langsiktig. Eit sørleg alternativ må uansett koma om ikkje så lenge. Effektive kollektivløysingar kan dessutan føra til at trafikken vert vesentleg lågare enn prognosane legg opp til, hevdar Jorunn Småbrekke Gjersvik (Sp).

Sjølv om det sørlege alternativet for tida synes vera lagt på is, trur ikkje Sp-representanten at tanken er skrinlagt for godt.

 Einkvar by har behov for ein ringveg, og kva er no eigentleg så farleg med tunnelar? Kan det vera vikarierande motiv ute å gå i denne saka, undrast ho.

Gjersvik trur mange vil halda fram kampen for dette alternativet, også etter at den framtidige traseen for det nye Sotra-sambandet er avgjort i politiske fora.

Tanken om eit sørleg alternativ er berre ikkje moden enno, seier ho.

Noko tru på eit sørleg samband som ein del av ein framtidig E39, med veg nordover gjennom Sotra og Øygarden, og tverrsamband over Hjeltefjorden frå Kollsnes til Hanøytangen og vidare til Mongstad har Gjersvik likevel ikkje.

Siste ord?

På det utvida formannskapsmøtet torsdag og fredag denne veka skal politikarane i Fjell freista verta samde om ei tilråding til kommunestyret om kvar vegen skal gå. Dermed vil truleg det meste vera sagt. Fjell-politikarane si avgjerd vil vega tungt hos dei andre kommunane som er involverte i prosjektet.

Diskusjonen i innspurten dreier seg hovudsakeleg om korleis miljøinngrepa på Litle Sotra kan reduserast. Planane, slik dei er utarbeida av Statens Vegkontor, vil kunna få dramatiske skadeverknadar, ikkje berre på urørt natur. Dei vil og kunna setja ein effektiv stoppar for framtidige utbyggingsprosjekt.

I staden vil politikarane truleg freista sy saman eit forslag om bru i høgspent-traseen og tunnel til Arefjord. Der vert det kryss mot Foldnes og mot Storskaret/Søre Straume. Målet er å unngå den føreslegne motorveg-traseen over Litle Sotra, men å begrensa utbygginga til to nye felt reservert for kolletivtrafikk.

Opptekne av kollektiv-løysingar

I media har utbyggjarane så vel som politikarane sine tankar om gode kollektive løysingar heilt kome i skuggen av diskusjonen om bru eller tunnel over Knarrevik. 

 All trafikken skal ikkje til Bergen. Byen er ein flaskehals. Vi er difor nøydde til å byggja oss ut av privatbilismen. Kollektivløysingane må prioriterast fram til Straume, eller aller helst til Kolltveit. Dette ligg også inne i planen, hevdar Gjersvik. 

 Prognosene legg opp til at halvparten av bilane vil ta av mot Hjelteryggen, Straume eller Foldnes. Tek desse tala høgde for utbygging av gode kollektivløysingar, eller vil eit effektivt bussamband kunna føra til at den faktiske trafikken vert vesentleg lågare enn dei offisielle prognosene tilseier?

Eit godt spørsmål. Det må eg få avklart på torsdag, seier Gjersvik.

 

Bergen – ein flaskehals

Først publisert i BT 20. november 2008

Vert det nye Sotra-sambandet lagt over Knarrevik, vil det skapa fleire problem enn det løyser.

Fastlandssambandet skal stimulera veksten i personbiltrafikken til og frå sentrum. Samstundes skal det betra vilkåra for tungtrafikken mellom dei mange næringsområda rundt Bergen. To ulike problem, som best kan løysast av ulike tiltak.

Eit nytt vegsamband over Knarrevik vil flytta bilkøane frå Sotra-sida over på vegnettet innanfor Storavatnet. Luftforureininga i sentrum vil auka tilsvarande. Her har Sotra-strilane og bergensarane felles interesse: Vi ønskjer ikkje å kasta vekk enno fleire timar i bilkø medan eksos-lokket tjuknar til mellom Fløyen og Løvstakken.

For å kutta dei trafikkskapte utsleppa av CO2 og andre klimagassar, treng vi effektive kollektivløysingar. Samstundes må tilhøva for nyttetransporten betrast.

Tenk kollektivt

Veksten i talet på reisande tilseier at kollektivtilbodet må oppgraderast vesentleg lenge før 2016, som det tidlegaste tidspunktet eit nytt Sotra-samband kan stå ferdig.

Trafikkprognosane viser at halvparten av kjøretøya hører til på Litle-Sotra. Halvparten av innbyggjarane i Fjell vil ha mindre enn 10 minutt å gå til ein haldeplass på strekkjene Bystasjonen- Hjelteryggen, Straume (Næringsparken), Våge og Ågotnes (CCB). 20 seters ekspressbussar med avgang kvart 10. minutt vil kunna redusera talet på personbilar med inntil 800 per time.. Dei mange Bergensarane som arbeider på Straume og Ågotnes vil sørga for at bussane ikkje returnerer tomme.

Vilkåret er at bussen går når folk treng han.

Det gløymte alternativet

Næringsaktivitetane i Bergensområdet har dei seinare tiåra spreitt seg så vidt utover at det er på tide at vegnettet held følgje. Mykje av nyttetrafikken går i dag mellom Kollsnes, Ågotnes, Straume, Mongstad og Kokstad. Tanken om at alle vegar nødvendigvis innom Bergen sentrum, hører gårsdagen til.

Bergen er ein av få storbyar i Europa utan noko ringveg.

Mange Sotra-strilar har arbeidet sitt på Sandsli/Kokstad. For dei vert turen innom sentrum ein omveg. Mykje av tungtrafikken frå Kollsnes, CCB og Straume skal sørover mot Stord, Haugesund og Stavanger. Andre vogntog skal til Mongstad eller nordover E 39. Dagleg snakkar vi om eit 1.000-tals vogntog eller meir. Heller ikkje dei treng å leggja ruta innom sentrum – berre vegen går utanom.

Det ”parkerte” forslaget til fastlandssamband over Søre Fjell til Sandsli/Kokstad vil kunna utgjera ein viktig del av ein framtidig ringveg. Saman med planane om eit tverrsamband Kollsnes – Askøy – Lindås vil det kunna utgjera ryggraden i ein ny E 39. Ein rask og tidsmessig Kyststamveg gjennom sentrale delar av Hordaland, upåverka av køar, stengde tunellar og andre trafikkale stengsler i Bergen sentrum.

Presendens for eksporpiasjon

Vegkontoret sine føretrekte løysingar vil medføra omfattande inngrep i nærmiljøet på begge sider av brua. Fleire hundre familiar vil verta jaga på flukt frå heimane sine om fastlandssambandet vert lagt over Knarrevik.

Politikarane – og alle vi andre – veit om dei mange heimane som står på spel. Eit ubehageleg tema som vi snakkar minst mogeleg om.

Skal vi ofra etablerte bygder for at nabobygdene skal få ei bru som uansett berre representerer ei dårleg løysing på transportproblema? Veksten i regionen vil ikkje stoppa opp om det nye fastlandssambandet ikkje vert lagt over Knarrevik. Tvert om. Ein ringveg vil opna nye areal for utbygging. Samstundes  vil den forkorta reisetida mellom dei mest sentrale tettstadane i regionen.

Utrygg i eigen heim

Først publisert i Kyrkjeblad for Fjell, nr. 5/2008

”Heim” – eit ord dei fleste av oss assosierar med tryggleik og folk som vil oss vel. Heime kan vi seinka  skuldrene, ta katten på fanget og vera oss sjølve. Ein tryggleik dei fleste av oss tek for sjølvsagt.

Stadig fleire fjellsokningar opplever no å vera utrygg i eigen heim. Heimane deira står i vegen for verkeleggjeringa av planane om nytt fastlandssamband.

Trasèval

Politikarane i Fjell, Sund, Øygarden og Bergen skal i nær framtid velja trasè for det nye vegsambandet til regionen. Mange heimar i Knarrevik, på Straume og på Godvik-sida står i fare for å måtta rivast, uansett om politikarane vel bru eller tunnel.

I fredstid er tap av heimen noko av det mest traumatiske eit menneskje kan oppleva. Ein husbrann vert omtala som ein tragedie. Dei heimlause får mykje sympati og all mogeleg hjelp til å byggja huset opp att.

Politikarane – og vi andre – veit om dei mange heimane som står på spel om denne vegutbygginga vert realisert. Vi snakkar likevel minst mogeleg om det. Eit ubehageleg tema. Vegen må jo fram? Flytt deg – du står i vegen!

Eit verdival

Etter fleire tiår som innbyggjarar i eit av landets sterkaste vekstområder vert Sotra-strilen no for alvor konfrontert med ein ny type utfordring: Vi må få til ei styrt utvikling i samsvar med dei kvalitetar og verdiar vi ønskjer at dette samfunnet skal ha.

Valet står ikkje berre mellom bru og tunnel. Dette er like mykje eit signal om kva verdiar vi vil skal gjelda i samfunnet. Skal vi setja individet i sentrum? Du er like mykje verd som eg. Eller skal vi akseptera at fleire hundre menneskjer vert tvungne til å forlata heimane sine for at vi andre skal få løyst transportproblema våre? Vårt ønskje om rask transport har høgare prioritet enn din heim? Skal vi ofra etablerte bygder for at nabobygdene skal få ei bru som likevel berre representerer ei halvgod løysing på dei transportproblema regionen står ovanfor? Aksepterer vi påstanden om at veksten i regionen vil stoppa opp dersom det nye fastlandssambandet ikkje vert lagt over Knarrevik?

Presedens for ekspropiasjon

Ekspropiasjon er eit verkemiddel som i Fjell til no har vore nytta unntaksvis.  Erfaringane frå handsaminga av Straume-planen viste at utbyggjar sin strategisk plassering av vegar i den hensikt å verta kvitt dei mest brysame motstandarane vert oppmuntra hos offentlege instansar så vel som hos politikarane. 

Dersom det nye fastlandssambandet vert lagt over Knarrevik vil det bidra til å styrka presedensen for å alminneleggjera bruken av ekspropiasjon i framtidige utbyggingar.

Det kunne vore din heim

Aksepterer du ei slik utvikling? Tenk nøye over spørsmålet. I vekstkommunen Fjell vert problemstilliga stadig meir aktuell. Når neste utbyggingsplan skal utarbeidast, er det kan hende din heim som står i vegen.

 

Media manglar mot

Første gong publisert i BT 4. august 2008, som innlegg i den pågåande mediedebatten. (sjå www.bt.no/debatt.article606730.ece)

Mange år som fagpressejournalist, kommunikasjonsrådgjevar og frivillig eldsjel har gjeve meg ei eintydig erfaring: Dags- og lokalpressa speglar berre toppen av isfjellet, uavhengig av stad og tema. Eg tek difor sjansen på å henta diskusjonen heim, og rettar søkjelyset mot BT sjølv.

For meg framstår BT og lokalavisene i Bergens-regionen som like prega  av det Svenn Arne Lie kallar ”Kos, kor og konfirmasjon” som mediene nordafor fylkesgrensa vert skulda for å vera. Tilstanden er såpass openbart at eg vil våga påstanden om at mediene i Bergens-regionen manglar mot til å ta opp kontroversielle saker. Det er verken kunnskap eller økonomiske ressursar i redaksjonane det skortar på.

Taus om gettofisering

Sjølv om BT siste året har vist auka tendens til å ta i bruk vidvinkelen i samfunnsspørsmål, er det langt att før eg vil rosa avisa for å leva opp til dei journalistiske ideala om balansert informasjon og vilje til å fylla rolla som pådrivar for gode løysingar. Tragisk nok kjem dette tydelegast til uttrykk i saker som i utgangspunktet er eigna til å belysa viktige og prinsipielle sider ved utviklinga av samfunnet vi lever i.

Den planlagte gettofiseringa av Straume er eit eksempel. Lokalavisa Vestnytt, saman med eigarselskapet BT, har einsidig presentert kommunen og utbyggjar sine storstilte planar. Gjentekne gongar. Diverre har ikkje dei som i dag bur på Straume, og som må vika plass om desse storstilte planane vert ein realitet, fått same merksemda i media.

Trendy debatt

Journalistane har i spaltene fått rikeleg anledning til å visa at dei kjenner hovudtrekka i den trendy debatten om arkitekturen i norske bygdebyar, og at dei er i stand til å anvenda desse på heimlege tilhøve. Dei tek for gitt at alle endringar berre kan verta til det betre.

Gjennom vinklinga av oppslaga oppnår dei å framstilla sjølv radikale utbyggingsframlegg som ukontroversielle og uproblematiske.

Det nye fastlandssambandet frå Sotra til Bergen er eit anna prosjekt der BT og lokalavisa så langt har vist manglande evne til heilhetstenkjing.

Det faktum at planane for utbygginga på Straume og Vegkontoret si føretrekte løysing for fastlandssambandet inneber dei største bustadsaneringsprosjekta i Bergens-regionen sidan 1970-talet er så godt som oversett. Medan bysaneringa den gongen var initert av naud og dårleg bustandard, er det utsikten til vekst og økonomisk gevinst for utbyggjar som driv planarbeidet i 2008.

Det seier likevel noko om BT sine ambisjonar som næringslivsavis at sjølv dei økonomiske perspektiva – både for utbyggjar og for dagens bebuarar – hittil har vorte vurdert som uinteressante, i kampen om spaltemillimetre.

Einkjelde-journalistikken har skulda

Når veg- og utbyggjingsplanane så langt har fått den utforminga dei har fått, må einkjelde-journalistikken ta sin del av ansvaret. Media har aktivt fråsagt seg retten til å setja dagsorden som meklingsmann. For å kunna fungera i den rolla, er det nødvendig å henta inn eit langt breiare kjeldetilfang enn det som er gjort i dette tilfellet.

Ingen medier har for alvor tort å setja dei storstilte utbyggjingsplanane i Straume-området opp mot det stadig meir prekære behovet for nytt vegsamband. Trur avisene at dei 4000 nye bebuarane på Straume vil gå til jobben? Eller tenkjer dei seg at samtlege vil ta bussen?

Er Vegkontoret si føretrekte løysing verkeleg den beste? Kvifor har ingen medier tort å stå på kravet om ei ringveg-løysing?

Psykar ut dei svakaste

Aller nedst på den redaksjonelle rangeringslista står tydelegvis journalistiske vinklingar som er eigna til å belysa  dei menneskjelege aspekta ved store utbyggingsprosjekt. Den dagen det vert ukontroversielt å tvinga gjennom ei sanering av veletablerte nabolag med god bustandard, har etikken svikta, sett med mine augo.

Kva med å problematisera det faktum at Vegkontoret si føretrekte løysing vil innebera ei rasering av Knarrevik-bygda? (Ja, rivingsplanane har vore nemnt). Bør vi utan vidare akseptera den gamle sanninga om at omsynet til einskildindivida må vika for fellesskapet?

Å vera den svake parten i slike utbyggingsprosjekt kan gå på liv og helse laus. Mange gjev opp utan kamp, fordi dei ikkje orkar tanken på å utsetja seg og familien for ei slik langvarig påkjenning. Ved å la væra å ta opp dei menneskjelege sidene bidreg BT og Vestnytt til å auka presset på einskildindivida. Indirekte seier media: Du har jo ikkje noko sak.  Mediene psykar ut dei svakaste ved å forsterka kjensla av at dei står aleine.

Næringsvenleg journalistikk

Er det mangel på diskusjon som ligg i den nye ”næringsvenlege” journalistikken som BT visstnok skal ha gått over til å føra? Sjølv trur eg regionen som heilhet ville vore betre tent med litt meir vidsyn. Når det gjeld medieomtale i kontroversielle saker synes det framleis vera svart-kvitt tenking som gjeld: ”Enten er du med oss, eller så er du mot oss”. Her er ikkje rom verken for diskusjon eller for nyansar.

Egil Sunde og Terje Lyngstad etterlyser ein sterk aktør, som BT, i Sogn og Fjordane. Dei trur det vil løysa problema forbunde med dagens mediedekning. Erfaringane frå Bergens-regionen kan kanskje få dei til å nyansera forventningane?