Får auka bompengane

Askøy bompengeselskap får lov å indeksregulera bompengane. Ein avgiftsauke på 25 prosent, slik bompengeselskapet har søkt om, er likevel ikkje aktuelt, slik politikarane i Formannskapet ser det.

Les meir

Vil tildela milliardoppdrag utan anbodskonkurranse

Askøy kommune vil ha avtalen med utbyggjar av Kleppestøbyen på plass før plansmia i november. Entrepenørselskapet som skal førestå den framtidige milliardutbygginga skal få ei sentral rolle i utforminga av planen.

Les meir

Gåve til politikarane

– Resultatet vert heilt annleis når innbyggjarane får medverka i planprosessen frå byrjinga, enn når dei berre vert inviterte til å seia meininga si når planutkastet føreligg. Medverknad frå innbyggjarane gjer planen betre.

Les meir

Eit gjesp frå Periferien

Periferifestivalen kom som eit friskt pust til Glesværbygda og til Sotra-samfunnet. Nytenking er ikkje noko ein berre driv på med i sentrale strøk! At arrangørane freistar utvida suksess-oppskrifta til også å omfatta ein konferanse er ikkje anna å venta.

Les meir

Dagens sleivspark – I godt selskap

Ordførar Siv Høgtun i Askøy seier kommunen har innsett at med ein så stor plan som ”Askøy-byen”, bør kommunen henta inn synspunkt frå andre enn berre berørte partar. ”Allmenta” er oppført heilt nederst på lista over dei kommunen har invitert til å medverka i planprosessen.

Les meir