Fjellkvinne døydde av rabies

Kvinna som døydde av rabies på Sentralsjukehuset i Førde kom frå Fjell.

Det bekrefta ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i ein orientering til formannskapet i Fjell i dag.

Kvinna jobba på Sentralsjukehuset i Førde. Namnet på kvinna, som var i 20-åra, er ikkje frigjeve. Det er ikkje kjend kva bygd i Fjell ho kjem frå.

Rabies er ein sjukdom som vart utrydda på fastlandet i Norge for over 200 år sidan. Kvinna vart smitta då ho vart biten av ein sjuk hund på reise i Sør-aust Asia tidlegare i år.

Fjell kommune har sett krisestab for å ta vare på familien og hantera eit veldig medietrykk i samband med den sjeldne sjukdomen.

– Fjell kommune er einaste staden media kan få svar på spørsmål, på grunn av den nye mediepolitikken til Helse Bergen, seier Sandahl Bjorøy.