Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen

Motsegn frå Statens vegvesen bør ikkje hindra Fjell kommune frå å godkjenna framlegget til områderegulering for Branndalsåsen på Bildøy, tilrår rådmann Steinar Nesse i Fjell.
Continue reading «Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen»

Har sikra vegen på Geitanger

Dei fire fastbuande på den vesle øya Geitanger i Hjeltefjorden kan omsider vera trygge på at den kommunale vegen ikkje risikerer å verta skylt på sjøen under første vinterstorm.
Continue reading «Har sikra vegen på Geitanger»

«Oppgraderer» skulevegar til «svært farleg»

Trafikksikringsarbeidet i Fjell klarar ikkje halda følgje med utbygginga. Til neste møte i Komite for Drift og forvaltning tilrår rådmannen at tre skulevegar får endra status til ”særleg farleg”, slik at skuleelevane kan få fri skuleskyss. Continue reading ««Oppgraderer» skulevegar til «svært farleg»»

Indrevik med forslag til Vegdirektøren

Vegdirektoratet bør vurdera å seinka krava til standard på veg og trafikksikringstiltak på kommunale vegar. Dagens krav gjer det vanskeleg for vekstkommunar som Fjell å finansiera naudsynte utbetringar, meinar varaordførar Tom Georg Indrevik. Continue reading «Indrevik med forslag til Vegdirektøren»

Fjell vil subsidiera børsnotert utbyggingsgigant

FrP-representanten Daniel Victor Sandvik køyrer nærast over tærne til skuleelevane når han køyrer over Gamle Straumsbru. Den underskotstruga vekstkommunen Fjell kan likevel koma til å subsidiera den børsnoterte utbyggjargiganten Veidekke ASA med fleire millionar kroner dei komande åra, vert utbyggingsavtalen for Straume Sjøfront vedteken. Continue reading «Fjell vil subsidiera børsnotert utbyggingsgigant»