16-åring starta underskriftsaksjon for hurtigbåt

I håp om å kunna bu heime hos familien medan ho går på vidaregåande har Mathilde Sæle (16) samla nærare 950 underskrifter for hurtigbåt mellom Ågotnes og Bergen.
Continue reading «16-åring starta underskriftsaksjon for hurtigbåt»

Underskriftsaksjon for Straumsundet

Det er nok no! Brukarane av Straumsundet inviterer båtlag, velforeiningar og andre organisasjonar med tilknytning til Straumsundet og kystkultur til underskriftsaksjon for trygg ferdsle i Straumsundet i framtida.

Continue reading «Underskriftsaksjon for Straumsundet»

– Askøy-skulen treng fleire lærarar

For å få fleire lærarar i klasseromma bør Askøy auka løyvingane til skule med 15 – 20 millionar komande åra. For å handtera situasjonen bør kommunen redusera folkeveksten og stilla strengare rekkefølgjekrav til skuleutbygging i samband med nye reguleringsplanar.

2015 Arild raftevoll– Askøy-skulane treng fleire lærarar, særleg i 1. – 4. klasse, seier Arild Raftevoll, kommunestyrerepresentant for Venstre.

Då kommunestyret sist veke behandla innbyggjarinitiativet frå ei gruppe foreldre til elevar i grunnskulen, stemte Venstre og SV mot posisjonen sitt forslag om å halda løyvingane til skule på dagens nivå.

Feil medisin
Venstre-representanten tvilar likevel på at rådmann Odd Magne Utkilen si tolking av foreldra sin underskriftsaksjon er rett medisin. I følgje rådmannen vil ei realisering av foreldreinitiativet innebera oppretting av 64 nye klassar og tilsetjing av lærarar tilsvarande 70 årsverk, til ein samla kostnad på 43 millionar kroner.

Finansiering
– Det har vi ikkje råd til. Løyvingane til skule bør aukast kraftig, men ikkje så mykje, seier Raftevoll.

Dei auka rammene til skule bør finansierast over det ordinære driftsbudsjettet, eventuelt gjennom bruk av fond. Venstre er for eigedomsskatt, men ekstrainntektene bør nyttast til å betala ned den kommunale gjelda.

150 – 200 millionar kroner av kommunen sitt årlege driftsbudsjett går no med berre til å betala renter og avdrag på lån.

Eigedomsskatt
– Skilnaden på Venstre og SV, er at vi vil nytta eigedomsskatten til å redusera gjeldsbelastninga og betra den langsiktige økonomiske situasjonen til kommunen. SV vil nytta heile inntektsauken frå eigedomsskatten til drift, seier Raftevoll.

Midlertidige løysingar
Askøy-skulane slit med dårleg vedlikehald og overfylte skulebygg. Kommunen brukar 10 – 18 millionar kroner årleg på midlertidige brakkeløysingar. Ei unødvendig kostbar løysing som berre utset kravet om nye og utvida skular.

Vil redusera veksten
– Askøy veks for fort. Vi brukar for mykje pengar på å halda oss flytane. Vi må ta vare på dagens innbyggjarar, også. Venstre vil redusera folkeveksten og innføra strengare rekkefølgjekrav, mellom anna til skuleutbygging, i samband med nye reguleringsplanar, seier Venstre-representanten.

Store investeringar
Det trengst. Fram mot 2020 må kommunen investera oppimot 1,6 milliardar kroner i nye og utvida skulebygg, ifølgje Raftevoll.

Fryktar renteheving
– 1,6 milliardar er mykje pengar. Med dagens rentenivå kan det gå bra. Stig renta, er det ikkje sikkert kommunen vil klara utføra oppgåvene sine utan at det går ut over kvaliteten på tenestene, fryktar Arild Raftevoll, kommunestyrerepresentant for Venstre i Askøy.

Har politikarane slutta å lytta?

425 underskrifter frå innbyggjarane på Vindenes, Angeltveit, Landro og Solsvik var det som skulle til for å få kommunestyret i Fjell til å vedta å leggja traseen for Øygardsvegen utanom dei mest tettbygde bygdene i Nordre Fjell. Det var i 1976. 35 år seinare verkar det som om dei tallause argumenta mot Statens vegvesen sitt føretrekte alternativ til nytt Sotrasamband får motsett effekt: Sambandet skal pressast gjennom den tettast befolka delen av Litle-Sotra og Bergen Vest. Continue reading «Har politikarane slutta å lytta?»