Kva betyr vakante stillingar for tenestetilbodet?

100 vakante stillingar i Fjell sparar tilsynelatande kroner på lønsbudsjettet, men kva betyr det for tenestetilbodet?

Prosjektrådmann Rune Lid i nye Øygarden vil gjerne vita meir. Kva stillingar er det snakk om? Korleis påverkar dette utgiftene til vikarar? Prosjektrådmannen tek no initiativet til ein analyse av situasjonen, informerte han politikarane under dagens møte i Fellesnemnda.

Les: Fjell har 100 ledige stillingar